Saturday, 19 November 2011

Bloggoppgåve: Mitt eige kunstbilete

I dag fekk vi ei oppgåve i nynorsk. Vi skulle dra og ta bilete utafor. Så skulle vi velje eit av bileta og beskrive og tolke det. Sofie og eg samarbeidde. Eg valde dette biletet: 

Modell: Sofie Nilssen Neverdal


Beskriving
Heilskapen av biletet er veldig mørk, fargelaus og trist. Biletet strålar ut einsemd. 

Eg tykkjer dei viktigaste teknikkane som er brukt, er symbol og fargar. Symbolet, som eg tenkjer er trappa med ein person under, viser kva biletet betyr og skal vekkje kjensler i sjåarane. Fargane, som er mørke og triste, gjer at vi tror det er noe som ikkje er bra på biletet. 

Biletet syner ein person som sit under ei trapp. 

Motivet er personen, og han/ho er plassert nederst på biletet, om lag mellom midten og høyre side. Dette gjorde vi for å forsterke betydinga av trappa. Det er ikkje ei vanleg trapp, ho har ei betyding. Personen sit og i skuggen med ei hette trekt over hovudet. Personen sit langt nede på biletet. 

Delane i biletet, komposisjonen, er personen under trappa, trappa, botnen og toppen av trappa og muren bakom. Personen sit i skuggen og sit i ein posisjon som tyder på at han/ho ikkje trivst. Trappa er stor, grå og av metall; noe som gjev eit kaldt inntrykk. Botnen og toppen av trappa ser vi berre litt av, men dei har stor tyding likevel; det er ein kontrast der ein kan velje å ikkje gå opp trappa, men sjå under og bry seg om personen, eller ein kan velje å gå opp trappa og ikkje bry seg. Muren bakom er mørk og set mykje av stemninga i biletet. 

Dei ulike elementane er plassert ganske nær kvarandre i dette biletet. Dette gjorde vi og for å forsterke tydninga til trappa. Det var viktig for oss å få med at trappa betyr noe viktig for helilskapen av biletet. 

Synsvinkelen på dette biletet er fra normalperspektiv. På den måten ser ein tydeleg kven som sit under trappa og sjølve trappa. Vi valde å ta biletet på denne måten for å få fram alle momenta vi tykte var viktige å få fram på biletet. 

Bileteutsnittet på dette biletet er halvtotalt utsnitt. Vi ser motivet og noe av omgivnadene rundt, men vi kan ikkje sjå det heile biletet av det. Vi valde å ta biletet slik for å forsterke dette med trappa. Hadde vi tatt biletet i total oversikt, hadde vi kunne sett fleire trapper, og då hadde biletet mista sin effekt. 

Lyset på dette biletet er litt mørkt, men vi kan likevel sjå motivet. Årsaka til at det er så mørkt, er nok fordi omgivnadene rundt har mørke fargar. Fargane utgjer på den måten lyset som får biletet til å sjå mørkt ut. Dette er viktig for å få fram bodskapen i biletet: Det er noe fælt og trist med biletet. 


Tolking
Førsteinntrykket mitt var at eg syntest synd i personen på biletet. Ein kan raskt sjå at han/ho har det fælt. Så begynte eg å tenkje på kvifor han/ho var lei seg og kva som kunne ha hendt. Kanskje vert personen mobba? Kanskje skjemmest personen av noe? Kjærleikssorg? 

Stemninga og kjensla i dette biletet er svært trist. Menneska trekkjer seg unna andre dersom dei har det vondt. Dei set seg og nede i skuggen då dei kjenner seg langt nede og alt kjennest mørkt. Det er viktig at vi andre ser når menneska rundt oss oppfører seg slik. Då kan vi bry oss og hjelpe dei ut av skuggen og opp til dei andre. 

Det er berre ein person på dette biletet, og det er derfor vanskeleg å fortelje om forholdet mellom personane på biletet. Men biletet kan tolkest som om det er personar på biletet likevel! På biletet er det ei trapp, som alle veit at folk kan gå opp eller ned. Vi kan tenkje oss at personar går over denne personen, fordi trappa er der. Derfor er det fleire skjulte personar med på biletet. Desse personane sine forhold til personen som er forlatt, er ikkje særleg bra. Personane som går i trappa symboliserer at dei ikkje bryr seg om den som er aleine. Dette biletet viser at personen ikkje er i lag med andre, så det kan tyde på at personen er utstøtt eller held seg unna dei andre  i miljøet sitt. 

Symbolet i dette biletet er trappa med eit menneske under ho. Det symboliserer at folk kan tråkke på ein annan person og ikkje sjølv sjå det. Personen er gøymd under trappa, i skuggen, så det kan vere vanskeleg for personane som tråkker på ein å oppdage den som blir tråkka på. 

Formålet eller bodskapen i dette bilete kan vere fleire ting. Ein bodskap kan vere at ein lar seg "tråkke på", og at ein må passe på slik at ein ikkje blir såra av andre. Ein annan bodskap kan vere ei oppfordring til andre menneske at ein ikkje skal tråkke på folk, eller "gå over" dei. Ein annan bodskap kan vere at ein skal ikkje late ein person vere aleine i mørkret, medan ein sjølv går i ljoset. I staden for å gå opp trappa, kan ein gå ned trappa og hjelpe personen som ikkje har det bra. 

Dette biletet er både appellativt, informativt, ekspressivt og poetisk. Det er appellativt slik at folk kanskje vil tenkje seg om og ikkje tråkke på folk. Det er informativt ved at biletet informerer at mobbing og overtramping skjer i samfunnet. Det er ekspressivt ved at det viser kjensler som personen under trappa har. Det er poetisk, fordi det viser den triste stemninga, og kan få ein til å tenkje: "Kvifor er verda slik?" 

Ein del ungdomar lir i tysnad av ulike årsaker. Det er vanskeleg å vere tenåring, og ein treng noen å støtte seg på. Det er viktig at vi bryr oss, og at vi ser etter om alle rundt oss har det bra. 


Annette Bye Setsaas 
19. november 2011. 

1 comment:

  1. Heidu! Veldig mykje tekst, men også eit kjempefint bilete! :D

    ReplyDelete